mandag 27. desember 2010

Nytt familiemedlem og julekos!

Det nye tilskotet til familia her i strøno er Katla, vår 17 veker gamle vetle jentepus.
Ho er litt som vulkanen ho er oppkalt etter: Roleg og fredeleg, heilt til ho PLUTSELEG får eit raptusanfall og og vert eit hav av energi og aktivitet!

Det vert nok mykje Katlabilete framover!


Velkommen til gards, Katla mi!

onsdag 15. desember 2010

Tidsklemma og vikinglengsel.

No er det 15. desember blitt alt, og jula nermar seg meg stormskritt. 
Julegåveprosjekt vert sprengjobba med, innleveringar må gjerast unna over ein lav sko, og kåken skal haldast ordentleg.  Soverommet til gardatausa på snart fire må verte ferdig, og leiligheita må pakkast saman.
*puh* Er det rart at bjørnehi vert freistande?

No kunne eg tenkje meg sumar og vikingliv, nakne føter i mjukt gras og lukta av nyslått!









Gjett om det vert godt når sola snur!!!

-Årolilja