mandag 31. januar 2011

Årolilja testar Huldrehår sjampokake og balsam, frå Fitjar Såpekokeri.




Frå Fitjar Såpekokeri sine side:

"HULDERHÅR SJAMPOKAKE
Sjampo i fast form, uten SLS (sodium laureth sulphate), konserveringsmidler, silikoner, mineralolje, alkohol eller syntetisk parfyme. Vasker håret helt rent, skånsomt og pleiende. Mild for håret, snill mot miljøet. Inneholder kun forsåpet sheasmør (håndpresset, uraffinert fra viltvoksende sheatrær i Ghana), økologisk kakaosmør (kaldpresset, uraffinert), og kokosolje. I tillegg er den beriket med fuktgivende og mykgjørende honning, overfettet med økologisk jojobaolje og avokadoolje og dufter rent og mildt.

Bør ikke brukes på farget hår.
Ca. 90 g. Enkelt pakket i papir.
Fire varianter: Sitrus og Geranium, syrlig sitrusduft med forsiktig sødme av geranium og Rose og Bergamot, klar roseduft med overtoner av frisk bergamot. Videre har vi Rosmarin, frisk urteduft, og til slutt en uten eteriske oljer, Naturell."






Sjølv valte eg Huldrehår Sjampokake med rose og bergamott. Lukta er nydeleg, og ikkje overdreven i det heile tatt, slik som ein del produkt med eteriske oljer blir. 
Då eg i dag vaska håret, var det nokon ting som overraska meg:

* Eg vart verkeleg overaska over sjampokakas skummeevne. Eg førte den gjennom håret fire gongar, og hadde samme effekt som ved bruk av tre pump med TIGI Bedhead-sjampo (og dei pumpene er store!).

* Det neste som overraska meg var at det føltes godt mot hovudbotnen! Eg er plaga av psoriasis i hovudbotnen, og har ofte åpne sår. Dermed svir det veldig å vaske håret til vanleg. Men no more!

* Store psoriasisflak løsna frå hovudbotnen smertefritt!

Når eg skylte den ut føltes håret mitt litt smårart, men det gjer det alltid om eg vaskar håret med sjampo utan å "balsamere" det etterpå.

Så er det balsamen sin tur:

Balsamen luktar nydeleg av grapefrukt, sitron, geranium, rose og rosentre. Når håret tørkar luktar balsamen heilt nøytralt med ei mild og god bilukt. Ting som overraska meg med balsamen:

 
* Dette er den drøyaste balsamen eg nokon sinne har vore borti! To bittesmå pump, kvar  pump tilsvarar ca det eg brukar av krem i andletet.

* Kor lett balsamen fordelast i håret. Andre balsamar eg har prøvd er seigare og trekker inn mot hovudbotnen.

* Kor fantastisk mjukt håret blir med ein gong balsamen fordelast i håret.

*At den er veldig lett å vaske ut att.


Etter at håret har tørka merkar eg meg følgande:

Håret følest lett og godt, og har godt volum. Det er mjukt og godt, og ingen psoriasisflak i hovudbotnen. Ooooooog det beste av alt: INGEN KLØE!

Eg er mildt sagt heilfrelst av Hulderhårprodukta til Fitjar Såpekokeri, og skal sporenstreks bestille meg hårkuren, og Englebarnsåpa til Amelusken!
Ja, og så må eg vel pushe mor mi til å teste Jessicurlserien. Når ho får gjort det, skal eg intervjue ho for ei ny anmelding :)

Oppsummering:

Fitjar Såpekokeri si Huldrehårserie er perfekt!


30 day shred - program 2 - dag 2

Då er eg verkeleg i gong med program 2, og eg må seie at no er det bra tungt! Utfallsøvingane svir godt!
Dessutan er ikkje ankelen min god i det heile, so no må eg anskaffe meg balansepute og balansebrett for å trene oppatt styrken i ankelen.
MEN, back to buisness. No er eg koma til dag 12 av The 30 day shred, med snart 3 veker i strekk med trening. Bivirkningane er som følger:

*Økt energinivå
*Manglande lyst på junkfood (eg brekker meg av lukta av frityr)
*Eit aukande behov for å studere teknikken til joggarar som passerar meg
*Eit behov for å ta beina fatt og følge nevnte joggarar
*Eit manisk behov for å gå inn i alle sportsbutikkar eg ser, for å sjå om dei har gode treningsklede (på salg)
*Moglegheit til å gå med heva hovud forbi gymlæraren min
*Aukande lyst til å prøve å vekselsvis gå/jogge frå Strøno til Os

....og anna galskap.

søndag 30. januar 2011

30 day shred - program 2!

Dette var TUNGT, men gøy!!!!
Eg diggar dei nye øvingane, sjølv om det svir godt i låra etter både løping og 30 D S.
Det er kjempedeilig med variasjon i øvingane etter 10 dagar med akkurat det samme.

Wohoo! Eg kjenner kroppen er blitt sterkare :)

Gjennomsnittspuls: 157
Makspuls: 191
Forbrente kaloriar 271.


Ellers har eg merka at høgre ankel har begynt å tulle seg, og det er tilfeldigvis den ankelen eg ødela i mai 2010. Då trakka eg over i fart iført masaisko. Det var ikkje noko brot som me veit om, men om det var senefesta som rauk eller berre leddbanda som er veldig strekte, er usikkert. Dette har skjedd på nytt kvar gong eg har trakka over eller fått eit for hardt støt.
Eg må visst trene oppatt ankelen men, for slik kan han ikkje vere! Får vel begynne med ankeløvingar!

Nokon som har tips?

lørdag 29. januar 2011

Treningsstæsjet mitt

Det er på tide med eit bildeinnlegg no, og derfor tenkte eg at eg skulle fortelje litt om treningsstæsjet eg brukar:

Løpeskoa mine er av modellen

Adidas Adistar Ride 2 og ser slik ut:







Eg har handla mine på Löplabbet sin butikk i Bergen. Dei er ufatteleg dyktige, og tilbyr analyse av løpesteget ditt og pronasjonen din på tredemølle og sjekkar óg beina dine på speilkasse for å finne dei rette skoa for nett dine bein.
Denne analysa er gratis om du kjøper sko hjå dei, men kan benyttast utan skokjøp til 250 kroner.
Dette har vore ufatteleg verdifullt i mi jakt på dei rette skoa.

Pulsklokka mi er av modellen

Polar FT7 og ser slik ut:

Mi er handla på XXL , som akkurat no har den på tilbud til 849,- Den er kompatibel med FlowLink overføringseinheit slik at du kan overføre data frå klokka til PC, noko som gjer det lettare å halde styr på progresjonen din. Personleg har eg berre hatt ho i to dagar, men må allereie skryte villt og hemningslaust av ho. Sjølv brukar eg ho som vanleg klokke, og koblar berre på meg WearLinken med sendaren når eg skal trene. Når WearLinken sender held den styr på pulsen din, tida du har trent, klokka og antal kaloriar forbrent. Eg er som sagt kjempenøgd!

Så må eg seie noko om treningsBHen min!

Pierre Robert Sports Collection og ser slik ut:



Eg har prøvd ein og annan treningsBH oppigjennom, men ingen som har haldt bysten min på plass medan eg har trent. Dette er faktisk ein av grunnane til at eg alltid har gitt opp treninga, og latt vere å ha gym på skulen! Det har vore smertefullt med ei hoppande byste, sjølv om eg ikkje har meir enn ein (oppspist) C-cup.
Men, eg tok ein råsjangs og prøvde Pierre Robert sin treningsBH frå "Sports Collection", og fekk ei VERKELEG positiv overrasking, bysten min hoppa ikkje! Bysten vart relativt flat, men eg har innsett at det er "the price to pay" for å halde bysten i ro. Eg er veldig nøgd, og tenkte eg skulle handle meg eit par til.
Prisen er heller ikkje til å kimse av, for den kostar 200 kroner på dei fleste daglegvarehandlar.

Fortsettelse følger :)

Kvelds og morgonløping

I går skreiv eg om at eg skulle løpe frå Nesttun til Skjold etter jobb, og hot damn, trur de ikkje eg gjennomførte?
Åjoooda. Ikkje berre gjennomførte eg, eg utvida runda. Så, eg endte på ei 45 minutt long runde med gjennomsnittspuls på 183. DÅ var eg sliten då! Maxpuls på 201.

Men meirsmak gav det, og eg var oppe før the crack of dawn i dag, og løp til Nesttun for å setje meg på bybana til jobb. Eg brukte 16 minutt med gjennomsnittspuls på 177 og maxpuls på 200.
Eg følte ikkje eg kunne ta det heilt ut sidan eg skal vere på jobb i åtte timar i uniform, if you know what I mean ;) Men ein løpetur klokka seks om morgonen, DET var deilig!

No derimot kjenner eg at anklane verkar, så eg må nok vere litt flinkare å varme og gå meg opp før eg spring!

Over til noko heilt anna, så var det dag 10 av the 30 day shred i går, noko som betyr at det er på tide å avansere til program 2. No kjenner eg at eg gru-gler meg, for ja det er mykje tyngre, men til gjengjeld er det mykje kjekkare øvingar.

No har eg då gått ned ytterligare 1 cm over vomma og ein halv cm over midja, så dette lovar godt!
Overarmane har vokse med 1 cm til saman :)

Laurdag, og dag 10 av The 30 day shred

I går kjøpte eg meg pulsklokke (endeleg!!!), så i dag fekk eg testa den skikkeleg ut under programmet.
Eg gjorde programmet før frukost, og sjølv om det var superlett i dag, hadde eg ein gjennomsnittspuls på 157, ein makspuls på 192 og total forbrenning på 238kcal.

I tillegg kombinerte eg rask gange og jogging i motbakke til bussen, dog kun 7 min.
Gjennomsnittspuls: 168
Makspuls: 191
Kcal forbrent: 72

I kveld er planen å jogge frå Nesttun til Skjold etter jobb (ca 20 min), og kanskje eg klarer å piske meg ut av døra tidleg nok til å jogge til Nesttun i morgon tidleg og?
Skal tross alt vere på jobb klokka sju i morgon tidleg, så me får sjå!!!

Eg har litt nerver for å gå over på program 2 i morgon, men så lett som dagens program var, er det på tide :)

Kveldsklem frå Årolilja!

fredag 28. januar 2011

Har hatt det litt travelt dei siste dagane.

Det har vore mykje sying, men eg har tatt meg tid til trening og.
All syinga har leda opp mot catwalkane, på tirsdag, onsdag og torsdag. Sidan mandag var siste dag før catwalk, sydde eg til klokka to om natta. tysdag og onsdag var 12-timarsdagar på skulen, så mandag trente eg ikkje.

Resultatet av all syinga?



I dag skal eg forøvrig ut og sjå på pulsklokke, så eg oppdaterar seinare.

lørdag 22. januar 2011

Dag 4 av The 30 day Shred

...er herved gjennomført, og det vert lettare og lettare å gjennomføre.
Øvingane vert lettare, dei 20 minutta går fortare og eg merkar at kroppen vert sterkare og sterkare!

No er tilogmed pushupsane gjennomførbare, dog fortsatt på knea. Eg klarar ein og annan ståande og, men då klarar eg ikkje mange på rad...ENNO!
Er det ein ting eg har lært av dette opplegget, er det at kurva er bratt, og at om få dagar så klarar eg det lett!

Eg kjem tilbake seinare, for no er det natta:)

Treningsdag 9, og motivasjonen er på topp!

I dag fann eg fram målebandet att, og fekk det konstatert at DET FUNKAR!!!

Byste 94 cm
Midje 74,5 cm (- 3,5 cm)
Mage (over navlen) 83 cm (- 5 cm!!!)
Hofte 100 cm (- 2 cm)
Overarm 30,5 cm (+0,5 cm)

Dette er berre heilt vanvittig!!!!!!

fredag 21. januar 2011

Fredag, kjære fredag!

Det vert nok ikkje testing av løpesko i dag, fordi vi skal i 25-årsdagen til svigerinna mi! Grattis med dagen Lene!

Med shredding måtte ein ta seg tid til sjølv om ein skal på vift! Så no sit eg her etter å ha kome ut av dusjen, og er fortsatt varm og raud i kinna!
Eg reknar med at det er normalt å vere så støl som eg er no, men eg må seie det krevast viljestyrke å kome seg gjennom øvingane!
Motivasjon får eg derimot av å sjå speilbildet mitt i vindauget med dissande glinsande magefett *grøss*

No står det iallefall ei flaske kvitvin på kjøl til meg, og ei flaske mjød til min kjære.
Min nye elskar skal óg få vere med i kveld: Canon Eos 550D!
18,1 megapikslar of pure goodness, og eit fantastisk godt og lett kamera.

Skal forøvrig skrive litt om løpeskoa mine i morgon om eg kjem meg ut på veien og :)

Ha ein nydeleg kveld!

Tysdag, Onsdag og Torsdag

Tysdag var eg i byen og handla meg løpesko. Dei gledar eg meg skikkeleg til å innvie, men hittil har det vore så mykje is på bakken at eg ikkje har våga meg ut.

Dermed gjorde eg eit lite program på matte på tysdag:

* 8 push ups x 3
* 10 omvendte situps x 3
*10 dips x 3
*10 spensthopp x 3
*10 djupe knebøy x 3
*10 skrå situps m/ sykling x 3

Onsdag begynte eg dag 1 av The 30 day Shred.

Oh holy craparoni, det var tungt, men gøy.
Eg trur verkeleg ikkje eg har svetta så mykje før i mitt liv!
Gøy! (men ikkje før etterpå :p underveis trudde eg at eg skulle rulle over på sida og døy!)

Torsdag, og dag 2 i The 30 day Shred.

Før eg begynte programmet trudde eg aldri eg skulle kome meg gjennom det, fordi eg var så himla støl etter gårsdagen.
Men med ein gong eg kom meg i gong viste det seg at alle øvingane var mykje enlare denne gongen, til tross for stølheita. Tida gikk mykje fortare i dag og, 20 minutt var over kjempefort :)
Den einaste øvelsen eg framleis må modifisere er pushups, hatøvelsen nr 1!


Oppdatering kjem seinare, for eg vurderar å teste løpeskoa mine i dag!

mandag 17. januar 2011

dagens treningsøkt, Måndag.

I går kveld, i tillegg til søndagstreninga powerwalka eg i 20 minutt seint på kvelden.

Så dagens treningsøkt:

Eg powerwalka til skulen i dag, ca 15 minutt.

Skrå situps m/ sykling 3 x 10 rep
Diagonalløft 3 x 10 rep
Dips 3 x 10 rep
Push-ups 3 x 10 rep
Tricepspress m/ 1 kg vekt 3 x 10 rep
Skulderpress m/ 1 kg vekt 3 x 10 rep
Benkpress m/ 1 kg vekt 3 x 10 rep
Planken i 20 sek 3 x 10 rep
Båten i 20 sek 3 x 10 rep
Armstrekk bakover 3 x 10 rep
Skulderrotasjon 3 x 10 rep
Knesittande hofterotasjon 3 x 10 rep
Mageliggande diagonalløft 3 x 10 rep

Ikkje dårleg til at eg er så ufatteleg støl etter i går!!! hoho!

søndag 16. januar 2011

Livets harde realitet har nådd meg...

...og det viser seg at eg absolutt IKKJE har den samme forbrenninga eg hadde som 16åring! Ja no er du vel sjokka! Og tru meg, det er eg og ;) Så, etter at kjærleikskiloa har lagt seg som eit teppe over meg, og magen er dvask etter å ha fått Amelusken, og ikkje minst alt julesnopet, har eg innsett at det ikkje går vekk av seg sjølv. Dermed har eg begynt å trene. Det ser ikkje ut som om eg gjer så mykje, men for meg er dette ein soleklar pangstart! Eg er dessutan meir forsiktig med kosthaldet; eg har kutta ut snop, feitande mat og alle andre tørstedrikkar enn vatn.
Vert eg alt for snopesjuk lagar eg meg ein smoothie eller tek meg ein bitteliten bit råsjokolade, evt ein bit av ein Nutrilettsjokolade, så stilnar lysta.

Torsdags treningsøkt:

Eg varma opp med fire repetisjonar av Solhilsen.

Planken i 20 sekund.
Sideplanke til høgre i 30 sek.
Sideplanke til venstre i 30 sek.
20 skrå situps med "sykling"

Gjentok 5 gongar.

Fredags morgon gjentok eg torsdagens program før frokost, så mekka eg meg ein frokostsmoothie eg tok med på bussen.

Laurdagens treningsøkt:

Oppvarming: Solhilsen x 4

Diagonalløft 3 x 20 repetisjonar.
Skrå situps m/ sykling 3 x 20 rep.
Dips 3 x 10 rep.
Planken 3 x 20 sek. rep.
Push ups 3 x 5 rep.
Spensthopp 3 x 10 rep
Bekkenløft 3 x 10 rep.

Avslutning: Uttøying.

Dagens økt:

Oppvarming: Solhilsen x 4

Diagonalløft 3 x 20 rep.
skrå situps m/ sykling 3 x 20 rep.
Dips 3 x 20 rep.
Planken 3 x 20 sek rep.
Sideplanke til høgre 3 x 20 sek rep.
Sideplanke til venstre 3 x 20 sek rep.
Push ups 3 x 7 rep.

Etterfulgt av ein tur eg vanlegvis går på 15 min rask gange i bratt helling, som eg sprang på 4,5 minutt i dag, som uthaldenheitstrening.
(og då pressar eg meg. eg hatar å ha høg puls, då føler eg at eg vert kvelt...)

Tja, eg har iallefall begynt!

mandag 10. januar 2011

mitt tidsfordriv..

Eg er kreativ til ei slik grad at det grensar til mani.

Teknikkane eg brukar ofte er:

Strikking
Hekling
Nålebinding
Broderi
Handsaum
Maskinsaum
Brikkevev

Og teknikkar eg held på å lære meg:

Hakking
Pjoning


I skrivande stund har eg følgande på pinnane:

-Sokk nr 2 av alpakkasokkane mine.
-Ei flettestrømpebukse str 3 år.
-Ei ny uglehue til Silkepelsen (som mista hua si, stakkar),
-Eit par selbuvottar i str. Årolilja.
-Ein gensar i falsk patentstrikk størrelse Amelusk.
oooog evigheitsprosjektet sjølv: Ein nydeleg flettegensar til meg sjølv.


Pågåande sømprosjekt:

-Ei herreskjorte str 3 år. (skuleoppgåve)
-Catwalkoppgåva, Maskerade (skuleoppgåve)
-Strikkepinneetui i brokade

Andre prosjekt:

-Lærmaske til catwalken
-broderte ullvottar


I am a busy girl!

lørdag 8. januar 2011

Ein Strønelaurdag

I dag er ein vanleg laurdag, men fortsatt ein vakker ein.
Det er fyr i peisen og Flåklypa på skjermen, og Trollmannen og Luskefanten leikar med dyr på rommet hennar. Eg sit på sofaen og pønskar ut kva som skal gjerast i dag. Det er rart med husarbeid, at uansett kor mykje du gjer på fredagen, så må det meste gjerast oppatt på laurdagen likevel!

I dag må kjøkkenet shinast igjen,
Kleda skal leggast saman og leggast på plass,
Badet bør vaskast,
Golva støvsugast,
Oppvaskmaskina må takast utav og setjast inn i.

I tillegg håpar me på at Veronica med familie skal kome på vitjing og ete middag med oss!
Så kanskje spele ei runde Pondus Pub og?

For på 1.nyttårsdag var vi hjå Silkepelsen m/ fanilie, på pinnekjøt og spillkveld.
Dermed gjorde trollmannen og eg oss fortjent til å skulle tituleast med "Super" framfor namna våre fram til neste spillkveld.

Det kan hende eg får tatt eit par bilete av huset og får lagt inn, for det må sjølvsagt gjerast når her er shina ;)

God laurdag folkens!