lørdag 5. februar 2011

Før- og underveisbilete!

For nesten tre og ei halv veke sidan var magen min ein heilt annan. Eg vart gratulert med graviditeten av ganske mange, ei gamal dame røyste seg for meg på bussen så eg skulle få spare bekkenet mitt, og lærarane mine begynte å ta tak i magen min med kommentarar som "eg ser det ikkje berre er eg som la på meg i jula!".

Det gjer noko med sjølvbiletet til ei jente.

Men eg såg gravid ut. Ganske gravid faktisk!
Dette er 3 og ei halv veke sidan:


Og no:






Seriøst. Er ikkje det motivasjon, så veit ikkje eg.

Frå fiskebollar til fiskekaker - ei reise mot ein sterkare kropp


Derfor står eg på, og nektar å gje meg. Eg trur ikkje at eg kan, eg veit at eg kan.

Morgonprogrammet mitt:

T-forma seteløft 10 rep
Beinløft i vinkel 10 rep
Magebøysirklar 10 rep
Walk out push-ups 10 rep
Hofteløft 10 rep
Sideliggande mageløft 10 rep
Sidelengs utfall 10 rep
Situps med sykling 10 rep
Mageliggande diagonalløft 10 rep
Til sida med bøgde kne 10 rep
Dips x 10
Planke med sideløft 10 rep¨
Doble situps 10 rep

Gjort i to serier.

Kveldens program:

T-forma seteløft 10 rep
Beinløft i vinkel 10 rep
Magebøysirklar 10 rep
Walk out push-ups 10 rep
Hofteløft 10 rep
Sideliggande mageløft 10 rep
Sidelengs utfall 10 rep
Situps med sykling 10 rep
Mageliggande diagonalløft 10 rep
Til sida med bøgde kne 10 rep
Dips x 10
Planke med sideløft 10 rep¨
Doble situps 10 rep
Djupe knebøy 10 rep
Pendelutfall 10 rep

Gjort i tre serier.

Til saman har eg hatt

*2 timar og 2 minutt aktiv fettforbrenning
*16 minutt og 30 sekund fitness
* forbrent 594 kaloriar.


Må verkeleg seie eg er godt nøgd!

fredag 4. februar 2011

dagens økt.

Løft bein, og ta på med motsatt hand 20 rep
Pushups 20 rep
Skrå situps m/sykling 20 rep
Diagonalløft 20 rep
Mageliggende løft 20 rep
Doble ståande utfall 20 rep
Djupe knebøy 20 rep
Dips 20 rep
Planke m/ skrå kneløft 20 rep

Og gjentok 4 gongar.

ckal forbrent: 419
gjennomsnittspuls: 130
maxpuls: 184
minutt med fettforbrenning: 44:03

Pulsklokka er berre genial, må eg seie!

onsdag 2. februar 2011

Ok, me har funne ei treningsløysning som funkar for ankelen.

Så i dag har eg sykla 10 minutt på ein spinningsykkel (høg intensitet)

Deretter styrkeøvingar på matte.

walk out push-ups
situps,
skrå situps med sykling,
dips, omvendte situps,
omvendte situps med håndvekter,
ståande utfall
djupe knebøy med vektløft
båten
planken

20 repetisjonar på kvar øving, gjentok to gongar.

Dette var ei lita økt føler eg sjølv, men det var litt for å sjekke sjølv kva ankelen min tåler.

Maxpuls: 197
Gjennomsnittspuls: 142
Forbrente kaloriar: 360 kcal
Fettbrenning: 21 minutt
Fitness: 23 minutt

Der skjedde det eg aller helst prøvde å unngå....

Ankelen min er satt ut av spel, med noko som kan tyde på ein betennelse av ein eller annan sort. Min fysioterapautstudent av ein sambuar nevnte at det kunne vere seneskjedebetennelse, men vi er sjølvsagt ikkje sikre på noko.

No bert all belastning av ankelen lagt på hylla til han er litt betre, og då får det bli gange og løp på mjukt terreng (f.eks på eit jorde).

No treng eg alle forslag til kardiotrening dykk kjem på, men som fortrinnsvis ikkje belastar ankelen.

Men treninga har jammen hatt effekt!!!

Midje: 73,5 (- 4,5 cm)
Mage: 79,5 (-8,5 cm!!!)
Hofter: Stabilt på 100 cm
Overarm: 31,5 (+ 1,5 cm)


Så, forslag mottas med takk!