Dette var TUNGT, men gøy!!!!
Eg diggar dei nye øvingane, sjølv om det svir godt i låra etter både løping og 30 D S.
Det er kjempedeilig med variasjon i øvingane etter 10 dagar med akkurat det samme.
Wohoo! Eg kjenner kroppen er blitt sterkare :)
Gjennomsnittspuls: 157
Makspuls: 191
Forbrente kaloriar 271.
Ellers har eg merka at høgre ankel har begynt å tulle seg, og det er tilfeldigvis den ankelen eg ødela i mai 2010. Då trakka eg over i fart iført masaisko. Det var ikkje noko brot som me veit om, men om det var senefesta som rauk eller berre leddbanda som er veldig strekte, er usikkert. Dette har skjedd på nytt kvar gong eg har trakka over eller fått eit for hardt støt.
Eg må visst trene oppatt ankelen men, for slik kan han ikkje vere! Får vel begynne med ankeløvingar!
Nokon som har tips?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar