Løpeskoa mine er av modellen
Adidas Adistar Ride 2 og ser slik ut:
Eg har handla mine på Löplabbet sin butikk i Bergen. Dei er ufatteleg dyktige, og tilbyr analyse av løpesteget ditt og pronasjonen din på tredemølle og sjekkar óg beina dine på speilkasse for å finne dei rette skoa for nett dine bein.
Denne analysa er gratis om du kjøper sko hjå dei, men kan benyttast utan skokjøp til 250 kroner.
Dette har vore ufatteleg verdifullt i mi jakt på dei rette skoa.
Pulsklokka mi er av modellen
Polar FT7 og ser slik ut:
Så må eg seie noko om treningsBHen min!
Pierre Robert Sports Collection og ser slik ut:
Eg har prøvd ein og annan treningsBH oppigjennom, men ingen som har haldt bysten min på plass medan eg har trent. Dette er faktisk ein av grunnane til at eg alltid har gitt opp treninga, og latt vere å ha gym på skulen! Det har vore smertefullt med ei hoppande byste, sjølv om eg ikkje har meir enn ein (oppspist) C-cup.
Men, eg tok ein råsjangs og prøvde Pierre Robert sin treningsBH frå "Sports Collection", og fekk ei VERKELEG positiv overrasking, bysten min hoppa ikkje! Bysten vart relativt flat, men eg har innsett at det er "the price to pay" for å halde bysten i ro. Eg er veldig nøgd, og tenkte eg skulle handle meg eit par til.
Prisen er heller ikkje til å kimse av, for den kostar 200 kroner på dei fleste daglegvarehandlar.
Fortsettelse følger :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar