I går kjøpte eg meg pulsklokke (endeleg!!!), så i dag fekk eg testa den skikkeleg ut under programmet.
Eg gjorde programmet før frukost, og sjølv om det var superlett i dag, hadde eg ein gjennomsnittspuls på 157, ein makspuls på 192 og total forbrenning på 238kcal.
I tillegg kombinerte eg rask gange og jogging i motbakke til bussen, dog kun 7 min.
Gjennomsnittspuls: 168
Makspuls: 191
Kcal forbrent: 72
I kveld er planen å jogge frå Nesttun til Skjold etter jobb (ca 20 min), og kanskje eg klarer å piske meg ut av døra tidleg nok til å jogge til Nesttun i morgon tidleg og?
Skal tross alt vere på jobb klokka sju i morgon tidleg, så me får sjå!!!
Eg har litt nerver for å gå over på program 2 i morgon, men så lett som dagens program var, er det på tide :)
Kveldsklem frå Årolilja!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar